Thursday, March 6, 2008

Berre ei natt igjen!!


Grytidleg i morgon, reiser TeFT tilbake til Noreg. Heilt sprøtt! Dei siste dagane har gått i pakking – koffert veging, evaluering, og siste innkjøp. Eg er ganske nervøs for om eg kjem meg til Bergen utan å betale overvekt..håpar det!

Gleder meg til å kome heim, men kjem til å sakne Kenya og folka! Eg har hatt eit utruleg bra opphold her. Hatt gode lærarar, og blitt kjent med mange bra kenyanarar og nordmenn. Me har lært mykje, både frå kulturen, om oss sjølv, og om Gud og bibelen! Har opplevd mykje forskjellig, og er garantert merka for livet! Både fysisk og psykisk...

Tirsdag hadde me avsluttningfest på carnivore (ein veldig flott restaurant). Der fekk me servert krokodille, struts, lam, kylling, ku, gris og kalkun:) ein veldig kjekk avsluttning på TeFT, sjølv om det ikkje er heilt ferdig endå..



Hadabra Kenya! satse på å kome snart tilbake:)

Dei siste par vekene.


Desse to vekene har vore ganske fulle. Me har bl.a. vore 5 dagar i Arusha, Tanzania, 4 dagar på Villa Vega, og resten i Nairobi.

Har vore mest som turistar, men også hatt litt undervisning og bokselging. I Tanzania besøkte me også rettsdomstolen der dei verste forbrytarane frå Rwanda folkemordet, blir dømt. Fekk vere litt inne på ein rettsak, og fekk ellers eindel info om kva som er gjort for å få dømt dei skuldige. Var veldig interessant, og heldigvis har dei tatt svært mange av dei som var i ledelsen.






Ellers besøkte me også ein slangepark og fleire souvenirbutikkar mens me var i Tanzania. Var kjekt.








På villa vega gjek det i soling, bading og god (nesten norsk) mat! Det var digg!

Tuesday, March 4, 2008

Litt Forskjellig

kose med verdens raskaste dyr!

Nam! Digg mat!

Her lærte eg å sy tak!

avslapping på ekte afrikansk vis


Masaiar er ein vanvittig kul stamme. Her er meg saman med ein kjekkas, som kanskje har drept ei løve. dei skal eigentleg drepe ei løve for å bli voksen, men pga jaktforbudet i Kenya har det blitt litt vanskeleg

Her er stranda i nærleiken av der me budde på Msabweni.. Veldig fint!

Hadde ein fridag på Tiwi beach hotel!

Thursday, February 21, 2008

Safari!


På Voi var me også 3 dagar på safari i Tsavo nasjonalpark. Det var veldig gøy. Fekk sett ca 30 forskjellige dyreartar ++.
Me brukte nesten heile dagen på å leite etter dyr. Første kvelden blei me vitne til løve-bøffel jakt. 3 løver som jakta på ca 500 bøfflar. Bøfflane vann, men løvane fekk hjelp av 3 til, så veit ikkje korleis det endte til slutt (me måtte gå pga mørket)
Sov i telt på ein Campingplass inne i nasjonalparken. Det gjekk bavianar rundt oss heile tida, og ein elefant og nokre gasellar kom også på besøk. Ellers var doen full av frosker, og taket fullt av flaggermus. Var stort sett veldig kjekt:)


Her er teltet vårt, etter at Aud vekkte oss med å rive det ned, og eg satt håret fast i ein glidelås..

Tuesday, February 19, 2008

No skal eg byrja å blogga igjen. Har jo vore veldig dårlig til det den siste månaden.. Fleire grunnar til det, ingen veldig gode.. men dei siste tre vekene har eg vore utan skikkeleg internett. Har vore to veker på Voi, og ei veke på Mombasa/ Msabweni (kysten).
Me var litt skeptiske når me skulle reise frå nairobi, visste ikkje om me hadde vatn, straum eller do på dei plassane me skulle, og visste heller ikkje mykje av det me skulle gjere på. Me vart alle veldig positivt overraska..det var både do(vannklosset), straum og vatn, så det var digg. Kanskje litt for digg, for eg fekk ikkje testa om eg klarte å leve utan det, men,men får sikkrt ein ny sjangse seinare i livet. Me gjorde ikkje så mykje spesiellt, men hadde eindel undervisning, og blei kjent med eindel kenyanarar, og tre nordmenn. Vart også kjent med mykje av kulturen. Veldig spennanes å vere på kysten. Dei lever eit veldig forskjellig liv frå oss, og i ein veldig synleg åndelig verden. I gjennomsnitt var det i kvart 5 hus ein trollmann eller ei trollkvinne, og det merkast godt på samfunnet. Er nok umuleg å finne nokon ateistar i det området, alle veit at overnaturlege krefter finnst, og dei trur dei kan både øydelegge, og redde deiras liv. Det er f.eks mange hus som står hallferdige i lange tider, grunnen til det er at viss du bygger eit hus raskt, ser dei andre at du er rik, og ikkje vil dele pengane, så dei kaster ein forbannelse over deg (og den virker). Overnaturlege historiar hørte me heile tida.
Alt i alt er eg veldig fornøyd med oppholdet på kysten og voi. Det var lærerikt og kjekt.

Saturday, January 5, 2008

Juleferie, på godt og vondt..



Me reste som eg sa i forje innlegg, til Mombasa med tog den 21.desember. me hadde ei fin veke på Mombasa, full av bading og soling, og dessverre eindel sjukdom.

Julafta var ikkje spess gøy, trist å ikkje vere i Noreg, men eg og Elise fekk ri på kamel, så det auka stemninga mange hakk! Det var veldig kjekt, dessutan følte eg det passa bra inn i julefeiringa sidan me likna på dei tre(to) visemenn:)


Elles er me sjølvsagt ganske prega av det som skjer rundt i Kenya for tida. Opptøyane byrja dei siste dagane me var på Mombasa. Me merka ikkje noko til det på hotellet, men måtte gjere litt om på heimturen. Eigentleg skulle me ta tog heim søndags kveld (30.desember), men i stadenfor reiste me kl halv 6 om morgonen, med bil. Det var pga at valresultata eigentleg skulle bli kunngjort denne dagen, og me ville kome fram til Nairobi før det skjedde, i tilfelle det blei meir opprør. Turen til Nairobi gjekk veldig bra, me såg ingen teikn til urolighetar.
Etter at me kom innafor portane til NLM sin tomt i Nairobi, har me måtta vere her. Det har
dessverre vore mykje opptøyar rundt i byen og resten av landet. Regner med de har fått det med dykk frå media. Me har heile tida vore trygg her me er, men er ikkje kjekt det som skjer. Eg synes det er veldig trist. Spesielt tenker eg på dei kenyanarane me blei kjent med når me var i Pokot. Eg ber og håper at dei er trygge. Dessutan har eg blitt veldig glad i Kenya, og synes det er svært trist å sjå kva som skjer med landet. Heldivis har det blitt litt rolegare desse dagane, og me har faktisk kunna gått litt på butikkar o.l. i nærleiken. Forskjellige folk har diskutert med den sittande presidenten Kibaki og opposisjonsledaren Odinga, så det virkar som ting betrar seg, men situasjonen er fortsatt vanskeleg og usikker. Dessutan vil det ta lang tid å ordne alle dei fysiske og psykiske skadane som har skjed. Be for Kenya!

Friday, December 21, 2007

Juleferie!

Ikkje so lett å få julestemning her nede, men me norske prøve no. Eg har bl.a. kjøpt eit bittelite plastikkjuletre so lyse, og so har eg lett i ørtn butikkar etter julestjerne, men fann ingen : (
På onsdag hadde me ein julefest! Det var gøy det, utrulig kor eg sett pris på alt som minnar meg om norsk jul! Misjonærbarna hadde julespel, dei var veldig flinke, me åt julemiddag (ikkje norsk) og gjekk rundt juletre! Fekk skikkelig julestemning rett og slett!
No har eg nett fått juleferie. Og reise om nokre timar med tog frå kolonitida til Mombasa, der eg skal feire jul. God jul alle saman!!

Thursday, December 20, 2007

Dagens little pøbelstrek


På tomta i Nairobi er det mange trøndere. Ein av dei er vår kjære lærar/ledar Onkel Ole, som sjølvsagt heiar på RBK. Han har Skomaker Andersen-hjerter i vindauga sitt. For oss bergensarar/ostringar er det vanskeleg å gå forbi slike hjerter utan å tenke på Brann. Difor fann me ut at me skulle pynte litt på hjerta... Me klipte ut kvite Brann-merker, og klistra eit merke inni kvart hjerte. Me tok også med oss to raude ballongar og la utanfor døra. Det stod sjølvsagt Brann på dei. Dette fann stad ved midnatt. I frykt for å vekke dei i huset, tok me ikkje bilete av det.

I heile dag har me trudd at Ole med vilje har oversett oss fordi han skjønte kva me hadde gjort. Men der tok me feil. Då me spurde om han hadde oppdaga noko fint på vindauget sitt i dag tidleg, braut han forskrekka ut: ”Var det dokk??!” Han hadde nemleg trudd at det var ein annan bergensar, og hevna seg på han. Bergensaren hadde ”lata som” at han ikkje visste noko, i følge Ole, men han gjekk ikkje på den. Han tok like godt å spraya RBK med snøspray på heile frontruta til den stakkars uskyldige bergensaren. Eg og Lene holdt på å dette i golvet av latter då me fann ut av det. Sånn kan det altså gå. Ingen mistenkjer to snille jenter frå Osterøy...

HEIA BRANN!!

Ein spesiell, men typisk Afrika dag:


Den siste veka me var i Pokot skulle me på ein ungdomsleir i to dagar. Me visste ikkje så mykje om kva me skulle gjere der, men sikkert holde nokre vitnespyrd og vise film. Etter å ha pakket i bilane, og gjort nokre matinnkjøp (i tilfelle me ikkje kunne ete maten me fekk servert på leiren) kjørte me av garde. Etter ca ein time med humpete afrikaveg, var me framme. Men der var det ikkje fullt av ungdommar slik me hadde forventa, det var faktisk nesten heilt tomt. Ingen ungdomsleir her nei! Typisk Afrika, ting blir ikkje alltid slik me har tenkt. Mange i gruppa var trøtte, og ikkje heilt klar for leir, så dei fleste var eigentleg glad for nyheita. I stadefor å gå på leir kjørte me nett bort til ei elv, for å vasse. Det vart til vannkrig og bading, og var heilt herleg! Me hadde også vannkrig med de lokale barna som bada, var artig, men eg holdt på å miste skjørtet, så måtte gå på land litt før dei andre.. det er nok ikkje ofte kvite badar der, så det samla seg ein heil hau med folk rundt vannkanten. Dette tenkte me me måtte utnytta, så me hadde eit lite gatemøte, sang nokre sangar på pokot og svahili, og holdt nokre vitnespyrd, delte ut juletraktatar og prata litt med folket..var gøy! Men me måtte gå litt tidleg, for hadde lagt planar for kvelden.

Dei som har fått fellesmail frå meg, huskar kanskje at eg snakkte om 2 evangelistfamiliar som kunne vere i fare oppe i Mont Elgon (er borgarkrig der). Dei har nå komt trykt ned frå fjellet, men husa og tinga deiras er brent opp. Me har truffe dei nokre gangar, og dei er utrulig bra msk! Me fann derfor ut at me ville invitere dei heim til oss denne kvelden. Me kjøpte inn frukt og snop, lagde norske vafflar o.l. vart ein heilt ypperlig kveld. Var kjempekjekt å ha besøk av dei, og virka som dei trivdes og, dei likte t.o.m. vafflar: ) . Dei har 5 barn kvar, så var 14 stk pluss oss. Trur ingen av barna har vore i eit vanleg hus før, og i alle fall ikkje på eit vanleg toalett, så dei gjekk i tur og orden ut på terassetrappa når dei skulle på do.

Heile denne dagen vart heilt annleis enn forventa, men likevel merka me veldig sterkt Guds ledelse heile tida! Både badinga/gatemøtet og besøket er me sikker på at han hadde i sin plan. Det er vanleg med takketale etter eit besøk, så me hadde ein, og den eine evangelisten hadde ein, han sa at dette besøket måtte ha vore etter Guds vilje, og at det var til rik velsignelse for dei.

Friday, December 14, 2007

Chesta


Under oppholdet i Pokot var me også ei lita veke i Chesta. Der gjekk me ein 2 dagars fjellstur, kovna i varmen og hadde gatemøte i skikkelig Afrika bush. Det var veldig kjekt, hadde med ein sprudlande predikant, og me var dei første kvite som hadde gatemøte i området. Var til og med nokon som aldri hadde sett kvite folk før. Når me prøvde å ta bilete sprang dei fleste vekk, for dei trudde me skulle stele sjela deiras! Ganske spesielt! Var dessverre farlege skorpionar, slangar, edderkoppar og krokodiller i området, så eg var til tider litt redd. Men Gud er god, så det einaste eg såg var ein litt farleg edderkopp, og den kverka dei.



Tuesday, December 11, 2007

Pokot

No har eg vore litt over 5 veker i Pokot. Det er ca ein dags kjøretur nord for Nairobi. Me budde på tomta til ELCK. Det er ei flott tomt, som ligg ca 2000 moh. Her hadde me ikkje så god tilgang på internett, så eg har derfor ikkje oppdatert bloggen før, men no kjem eg til å skrive litt om litt forskjellig som me opplevde og gjorde i Pokot.

Gudstenestene:
Her fekk me for første gang oppleve møter slik eg trudde dei var i Afrika, med mykje liv og song. var likevel veldig stor forskjell frå plass til plass.. nokon varte 4 timar og nokon varte 2. Dessverre hadde nokon også fått tak i høgtalarar og keboard, så der spelte dei opp igjen og opp igjen dei få taktane dei kunne.. der dei brukte meir tradisjonell musikk, og gjerne ei tromme, var det mykje kjekkare å vere.

Flygande termittar:
Ein av dei første dagane regna det, og då kom det om kvelden ein heil hau med flygande termittar. Desse invaderte alle plassar der det var lys, og dei kom seg inn. Etter ei stund mista dei vingane, så eg og Elise gjekk rundt å samla dei i glas, for me hadde høyrt at det gjekk an å steike dei, og ete dei. Me fekk ledarn vår, Ole Johan, til å steike og krydre dei, og så åt me etterpå. heile gruppa smakte. Det var faktisk veldig godt, litt ekkelt sidan det såg ut som kjempemaur, men,men. Ganske artig oppleving, men litt stress å rydde opp alle vingane som låg over alt.


Intervju:
Alle i gruppa fekk kvar si oppgåve når me kom til Pokot. Mi oppgåve var å intervjue ein afrikanar som heiter Alfred. Han er ein av Kenyas beste malarar. Dette var veldig kjekt, for eg blei både kjend med han, og fekk lære mykje nytt om Pokot og afrikansk kultur! Lærerikt.

Gategutar:
I Makutano, næraste ”byen” til der me budde, har ein menighet eit bra opplegg for gategutane. Dette arbeidet besøkte me eit par gangar. Gategutane får mat og vaska klede 2 gangar kvar veke. Det er også eit nytt prosjekt der dei plukkar ut 10-12 stk, som får lov til å bu i eit eige hus, med ei dame som lagar mat, og så får dei gå på skule. Dei fleste av gategutane går på lim (rusmiddel) så det er ei krevjande oppgåve å få dei til å bli vant med eit vanleg liv, men forhåpentligvis blir prosjektet vellukka. Me vart litt kjent med nokon av gutane, og såg mange når me gjekk rundt i Makutano. Det er gutar heilt ned i 7 årsaldren som går fast på lim, så det er veldig trist. Eg er glad desse i alle fall får litt hjelp i frå menighetane rundt .

Filmvising og gatemøte:
To gangar i Pokot hadde me gatemøte, og fleire gangar viste me kristne filmar. Gatemøtene var veldig bra. Hadde lokale evangelistar + lærarn vår Jostein Holmedal som talte, og så hadde me sang og vitnespyrd. På det første gatemøtet var det ca 20 stk som ville bli frelst. Det var jo utruleg kjekt. Me har også vist film mange gangar. For det meste Jesus-filmen, men også andre kristne filmar. Filmvising er ein veldig bra evangeliseringsmetode her. Ofte går det mange år mellom kvar gang dei ser ein film, så folk kan gå i mange timar for å få det med seg.





Tegla Lorope Peace Race 2007:
Det er eit fredsløp, som blir sprunge kvart år(trur eg), så i år var me med. Msk frå heile Kenya, og litt Uganda, er med. Både svært gode springarar, og andre. Me sprang 10 km. Sidan me er kvite, måtte me springe saman med eliten, for dei var redd for at me kunne vinne viss me sprang med dei andre. Eg har problem med å springe 10 km i Noreg, så her 2000 moh, og steikande sol, har eg i alle fall ingen sjangs. Eg, Elisabet og Lene danna baktroppen heilt frå starten. Var ein svært artig opplevelse! Folk lo og heia heile vegen. Eg kom i mål, på 38 plass, men eg vart villeda av ein militær/politi-fyr, så juksa med 2-3 km. Pytt sann, eg kom no i mål før opplegget var ferdig (noko Elisabet og Lene, som gjekk heile runden, ikkje gjorde)




Den helga dette løpet var, hadde me nesten 200 ungdomar frå heile landet buande på tomta. Det var folk frå mange forskjellige religionar og stammar. Sidan dette løpet er ein stor ting, var det feststemning heile tida.. hoppa og dansa og sang til langt på natt. Folk gjekk også med festklede. Var bl.a. ein som hadde ekte leopardskinn. Eine natta slakta dei t.o.m. 2 kyr med spyd. Eg såg det ikkje, men fleire andre i gruppa var vitne til oppdeling og utdeling av kyra.
ganske so sprøtt egentli!

Wednesday, October 31, 2007

Sjiraffpark



Laurdag 27.10.07 va eg i ein sjiraffpark i Nairobi. da va faktisk veldi kjekt, sjiraffa e gøye å vera me, og har veldi fine aue, fekk t og me kyssa den.. so veit de da.. tenkte berre eg sku legga ut nokken bilde..

Tuesday, October 30, 2007

Eg har apekatta i hagen!


Sia eg e i afrika, so tenkte eg at eg sku skriva litt om dyrelive her.. akkuratt i nairobi e da vel ikkje so mykje å skryta av, trur da blir meir når me kjem ut på landsbygde, men me har litt spesielle fugla, slanga(so eg ikkje har sett endå), firfisle og APEKATTA! E ein apekattfamilie so går her rundt på tomte..da e arti.. dei e utruli kule, men og litt skummle, for dei kan visst angripa..e fleire gånga eg har måtta sprunge vekk i frå dei.. derfor har eg heller ikkje fått tatt nokke godt bilde av dei,men,men.. gøy å ha dei her e da i alle fall.. ein gång stakk ein av dei av me ein bibel, og satt å las i den oppå take, dessverre fekk eg ikkje sett da, men eg håpe da skjer igjen,so eg får tatt eit bilde..


Sunday, October 28, 2007

Jepp då va eg i Afrika!


Pga litt gruppepress (eg e den einaste på TeFT so ikkje har blogg) og pga at eg har møsta alle mail adressena mine, so fann eg ut at eg lika godt kunne laga ein blogg... so her kjem eg sikkert t å komma me litt oppdateringa onna detta hallåre i Kenya...

T no so har eg da heilt ypperli egentli, med unntak av i kveld, for da e ein smule trist å sitta her å berre kunne lesa om all brann jubeln på internett, og ikkje vera me sjøl.. heldigvis e da to andre brann-fan her og, so litt sang og dans og jubel har da blitt, og brann-gensarn heng fint på pynt øve senge, men kan nok ikkje målast heilt me sånn da e i Bergen! jaja, som sagt so har eg da egentli veldi bra! e herli å vera her nere.. t no har me vore litt som turista, reist rundt i Nairobi på bruktmarked, kjøpesenter, masaimarked, sjiraffpark, menigheter o.l. me bur på tomte t nlm her i nairobi(bildna e her i frå). da e ei veldi fin, stor tomt..so eg lir ingen nød. e t og me badebasseng.. her e hovudbasn vår, men me reise mykje rundt og..reise t.d t pokot på fredag, og ska vera dar i 5 veke..