Thursday, March 6, 2008

Berre ei natt igjen!!


Grytidleg i morgon, reiser TeFT tilbake til Noreg. Heilt sprøtt! Dei siste dagane har gått i pakking – koffert veging, evaluering, og siste innkjøp. Eg er ganske nervøs for om eg kjem meg til Bergen utan å betale overvekt..håpar det!

Gleder meg til å kome heim, men kjem til å sakne Kenya og folka! Eg har hatt eit utruleg bra opphold her. Hatt gode lærarar, og blitt kjent med mange bra kenyanarar og nordmenn. Me har lært mykje, både frå kulturen, om oss sjølv, og om Gud og bibelen! Har opplevd mykje forskjellig, og er garantert merka for livet! Både fysisk og psykisk...

Tirsdag hadde me avsluttningfest på carnivore (ein veldig flott restaurant). Der fekk me servert krokodille, struts, lam, kylling, ku, gris og kalkun:) ein veldig kjekk avsluttning på TeFT, sjølv om det ikkje er heilt ferdig endå..



Hadabra Kenya! satse på å kome snart tilbake:)

Dei siste par vekene.


Desse to vekene har vore ganske fulle. Me har bl.a. vore 5 dagar i Arusha, Tanzania, 4 dagar på Villa Vega, og resten i Nairobi.

Har vore mest som turistar, men også hatt litt undervisning og bokselging. I Tanzania besøkte me også rettsdomstolen der dei verste forbrytarane frå Rwanda folkemordet, blir dømt. Fekk vere litt inne på ein rettsak, og fekk ellers eindel info om kva som er gjort for å få dømt dei skuldige. Var veldig interessant, og heldigvis har dei tatt svært mange av dei som var i ledelsen.






Ellers besøkte me også ein slangepark og fleire souvenirbutikkar mens me var i Tanzania. Var kjekt.








På villa vega gjek det i soling, bading og god (nesten norsk) mat! Det var digg!

Tuesday, March 4, 2008

Litt Forskjellig

kose med verdens raskaste dyr!

Nam! Digg mat!

Her lærte eg å sy tak!

avslapping på ekte afrikansk vis


Masaiar er ein vanvittig kul stamme. Her er meg saman med ein kjekkas, som kanskje har drept ei løve. dei skal eigentleg drepe ei løve for å bli voksen, men pga jaktforbudet i Kenya har det blitt litt vanskeleg

Her er stranda i nærleiken av der me budde på Msabweni.. Veldig fint!

Hadde ein fridag på Tiwi beach hotel!

Thursday, February 21, 2008

Safari!


På Voi var me også 3 dagar på safari i Tsavo nasjonalpark. Det var veldig gøy. Fekk sett ca 30 forskjellige dyreartar ++.
Me brukte nesten heile dagen på å leite etter dyr. Første kvelden blei me vitne til løve-bøffel jakt. 3 løver som jakta på ca 500 bøfflar. Bøfflane vann, men løvane fekk hjelp av 3 til, så veit ikkje korleis det endte til slutt (me måtte gå pga mørket)
Sov i telt på ein Campingplass inne i nasjonalparken. Det gjekk bavianar rundt oss heile tida, og ein elefant og nokre gasellar kom også på besøk. Ellers var doen full av frosker, og taket fullt av flaggermus. Var stort sett veldig kjekt:)


Her er teltet vårt, etter at Aud vekkte oss med å rive det ned, og eg satt håret fast i ein glidelås..

Tuesday, February 19, 2008

No skal eg byrja å blogga igjen. Har jo vore veldig dårlig til det den siste månaden.. Fleire grunnar til det, ingen veldig gode.. men dei siste tre vekene har eg vore utan skikkeleg internett. Har vore to veker på Voi, og ei veke på Mombasa/ Msabweni (kysten).
Me var litt skeptiske når me skulle reise frå nairobi, visste ikkje om me hadde vatn, straum eller do på dei plassane me skulle, og visste heller ikkje mykje av det me skulle gjere på. Me vart alle veldig positivt overraska..det var både do(vannklosset), straum og vatn, så det var digg. Kanskje litt for digg, for eg fekk ikkje testa om eg klarte å leve utan det, men,men får sikkrt ein ny sjangse seinare i livet. Me gjorde ikkje så mykje spesiellt, men hadde eindel undervisning, og blei kjent med eindel kenyanarar, og tre nordmenn. Vart også kjent med mykje av kulturen. Veldig spennanes å vere på kysten. Dei lever eit veldig forskjellig liv frå oss, og i ein veldig synleg åndelig verden. I gjennomsnitt var det i kvart 5 hus ein trollmann eller ei trollkvinne, og det merkast godt på samfunnet. Er nok umuleg å finne nokon ateistar i det området, alle veit at overnaturlege krefter finnst, og dei trur dei kan både øydelegge, og redde deiras liv. Det er f.eks mange hus som står hallferdige i lange tider, grunnen til det er at viss du bygger eit hus raskt, ser dei andre at du er rik, og ikkje vil dele pengane, så dei kaster ein forbannelse over deg (og den virker). Overnaturlege historiar hørte me heile tida.
Alt i alt er eg veldig fornøyd med oppholdet på kysten og voi. Det var lærerikt og kjekt.

Saturday, January 5, 2008

Juleferie, på godt og vondt..



Me reste som eg sa i forje innlegg, til Mombasa med tog den 21.desember. me hadde ei fin veke på Mombasa, full av bading og soling, og dessverre eindel sjukdom.

Julafta var ikkje spess gøy, trist å ikkje vere i Noreg, men eg og Elise fekk ri på kamel, så det auka stemninga mange hakk! Det var veldig kjekt, dessutan følte eg det passa bra inn i julefeiringa sidan me likna på dei tre(to) visemenn:)


Elles er me sjølvsagt ganske prega av det som skjer rundt i Kenya for tida. Opptøyane byrja dei siste dagane me var på Mombasa. Me merka ikkje noko til det på hotellet, men måtte gjere litt om på heimturen. Eigentleg skulle me ta tog heim søndags kveld (30.desember), men i stadenfor reiste me kl halv 6 om morgonen, med bil. Det var pga at valresultata eigentleg skulle bli kunngjort denne dagen, og me ville kome fram til Nairobi før det skjedde, i tilfelle det blei meir opprør. Turen til Nairobi gjekk veldig bra, me såg ingen teikn til urolighetar.
Etter at me kom innafor portane til NLM sin tomt i Nairobi, har me måtta vere her. Det har
dessverre vore mykje opptøyar rundt i byen og resten av landet. Regner med de har fått det med dykk frå media. Me har heile tida vore trygg her me er, men er ikkje kjekt det som skjer. Eg synes det er veldig trist. Spesielt tenker eg på dei kenyanarane me blei kjent med når me var i Pokot. Eg ber og håper at dei er trygge. Dessutan har eg blitt veldig glad i Kenya, og synes det er svært trist å sjå kva som skjer med landet. Heldivis har det blitt litt rolegare desse dagane, og me har faktisk kunna gått litt på butikkar o.l. i nærleiken. Forskjellige folk har diskutert med den sittande presidenten Kibaki og opposisjonsledaren Odinga, så det virkar som ting betrar seg, men situasjonen er fortsatt vanskeleg og usikker. Dessutan vil det ta lang tid å ordne alle dei fysiske og psykiske skadane som har skjed. Be for Kenya!

Friday, December 21, 2007

Juleferie!

Ikkje so lett å få julestemning her nede, men me norske prøve no. Eg har bl.a. kjøpt eit bittelite plastikkjuletre so lyse, og so har eg lett i ørtn butikkar etter julestjerne, men fann ingen : (
På onsdag hadde me ein julefest! Det var gøy det, utrulig kor eg sett pris på alt som minnar meg om norsk jul! Misjonærbarna hadde julespel, dei var veldig flinke, me åt julemiddag (ikkje norsk) og gjekk rundt juletre! Fekk skikkelig julestemning rett og slett!
No har eg nett fått juleferie. Og reise om nokre timar med tog frå kolonitida til Mombasa, der eg skal feire jul. God jul alle saman!!