Tuesday, February 19, 2008

No skal eg byrja å blogga igjen. Har jo vore veldig dårlig til det den siste månaden.. Fleire grunnar til det, ingen veldig gode.. men dei siste tre vekene har eg vore utan skikkeleg internett. Har vore to veker på Voi, og ei veke på Mombasa/ Msabweni (kysten).
Me var litt skeptiske når me skulle reise frå nairobi, visste ikkje om me hadde vatn, straum eller do på dei plassane me skulle, og visste heller ikkje mykje av det me skulle gjere på. Me vart alle veldig positivt overraska..det var både do(vannklosset), straum og vatn, så det var digg. Kanskje litt for digg, for eg fekk ikkje testa om eg klarte å leve utan det, men,men får sikkrt ein ny sjangse seinare i livet. Me gjorde ikkje så mykje spesiellt, men hadde eindel undervisning, og blei kjent med eindel kenyanarar, og tre nordmenn. Vart også kjent med mykje av kulturen. Veldig spennanes å vere på kysten. Dei lever eit veldig forskjellig liv frå oss, og i ein veldig synleg åndelig verden. I gjennomsnitt var det i kvart 5 hus ein trollmann eller ei trollkvinne, og det merkast godt på samfunnet. Er nok umuleg å finne nokon ateistar i det området, alle veit at overnaturlege krefter finnst, og dei trur dei kan både øydelegge, og redde deiras liv. Det er f.eks mange hus som står hallferdige i lange tider, grunnen til det er at viss du bygger eit hus raskt, ser dei andre at du er rik, og ikkje vil dele pengane, så dei kaster ein forbannelse over deg (og den virker). Overnaturlege historiar hørte me heile tida.
Alt i alt er eg veldig fornøyd med oppholdet på kysten og voi. Det var lærerikt og kjekt.