Saturday, January 5, 2008

Juleferie, på godt og vondt..



Me reste som eg sa i forje innlegg, til Mombasa med tog den 21.desember. me hadde ei fin veke på Mombasa, full av bading og soling, og dessverre eindel sjukdom.

Julafta var ikkje spess gøy, trist å ikkje vere i Noreg, men eg og Elise fekk ri på kamel, så det auka stemninga mange hakk! Det var veldig kjekt, dessutan følte eg det passa bra inn i julefeiringa sidan me likna på dei tre(to) visemenn:)


Elles er me sjølvsagt ganske prega av det som skjer rundt i Kenya for tida. Opptøyane byrja dei siste dagane me var på Mombasa. Me merka ikkje noko til det på hotellet, men måtte gjere litt om på heimturen. Eigentleg skulle me ta tog heim søndags kveld (30.desember), men i stadenfor reiste me kl halv 6 om morgonen, med bil. Det var pga at valresultata eigentleg skulle bli kunngjort denne dagen, og me ville kome fram til Nairobi før det skjedde, i tilfelle det blei meir opprør. Turen til Nairobi gjekk veldig bra, me såg ingen teikn til urolighetar.
Etter at me kom innafor portane til NLM sin tomt i Nairobi, har me måtta vere her. Det har
dessverre vore mykje opptøyar rundt i byen og resten av landet. Regner med de har fått det med dykk frå media. Me har heile tida vore trygg her me er, men er ikkje kjekt det som skjer. Eg synes det er veldig trist. Spesielt tenker eg på dei kenyanarane me blei kjent med når me var i Pokot. Eg ber og håper at dei er trygge. Dessutan har eg blitt veldig glad i Kenya, og synes det er svært trist å sjå kva som skjer med landet. Heldivis har det blitt litt rolegare desse dagane, og me har faktisk kunna gått litt på butikkar o.l. i nærleiken. Forskjellige folk har diskutert med den sittande presidenten Kibaki og opposisjonsledaren Odinga, så det virkar som ting betrar seg, men situasjonen er fortsatt vanskeleg og usikker. Dessutan vil det ta lang tid å ordne alle dei fysiske og psykiske skadane som har skjed. Be for Kenya!

3 comments:

Cecilie said...

Hei søta! Savner deg her hjemme, godt å lese at dere er i trygghet ;) Har tenkt på deg hver gang jeg hører om trøbbelet i Kenya... Mange fine bilder!! Kjempeglad i deg! Store klemmer fra Cecilie

Miriam... said...

Susann, I keep praying!
Love you a lot

Miriam... said...

Susann, hva skjer? Hvordan har du det?
Long time, no updates...
Love you