Thursday, December 20, 2007

Dagens little pøbelstrek


På tomta i Nairobi er det mange trøndere. Ein av dei er vår kjære lærar/ledar Onkel Ole, som sjølvsagt heiar på RBK. Han har Skomaker Andersen-hjerter i vindauga sitt. For oss bergensarar/ostringar er det vanskeleg å gå forbi slike hjerter utan å tenke på Brann. Difor fann me ut at me skulle pynte litt på hjerta... Me klipte ut kvite Brann-merker, og klistra eit merke inni kvart hjerte. Me tok også med oss to raude ballongar og la utanfor døra. Det stod sjølvsagt Brann på dei. Dette fann stad ved midnatt. I frykt for å vekke dei i huset, tok me ikkje bilete av det.

I heile dag har me trudd at Ole med vilje har oversett oss fordi han skjønte kva me hadde gjort. Men der tok me feil. Då me spurde om han hadde oppdaga noko fint på vindauget sitt i dag tidleg, braut han forskrekka ut: ”Var det dokk??!” Han hadde nemleg trudd at det var ein annan bergensar, og hevna seg på han. Bergensaren hadde ”lata som” at han ikkje visste noko, i følge Ole, men han gjekk ikkje på den. Han tok like godt å spraya RBK med snøspray på heile frontruta til den stakkars uskyldige bergensaren. Eg og Lene holdt på å dette i golvet av latter då me fann ut av det. Sånn kan det altså gå. Ingen mistenkjer to snille jenter frå Osterøy...

HEIA BRANN!!

No comments: