Thursday, December 20, 2007

Ein spesiell, men typisk Afrika dag:


Den siste veka me var i Pokot skulle me på ein ungdomsleir i to dagar. Me visste ikkje så mykje om kva me skulle gjere der, men sikkert holde nokre vitnespyrd og vise film. Etter å ha pakket i bilane, og gjort nokre matinnkjøp (i tilfelle me ikkje kunne ete maten me fekk servert på leiren) kjørte me av garde. Etter ca ein time med humpete afrikaveg, var me framme. Men der var det ikkje fullt av ungdommar slik me hadde forventa, det var faktisk nesten heilt tomt. Ingen ungdomsleir her nei! Typisk Afrika, ting blir ikkje alltid slik me har tenkt. Mange i gruppa var trøtte, og ikkje heilt klar for leir, så dei fleste var eigentleg glad for nyheita. I stadefor å gå på leir kjørte me nett bort til ei elv, for å vasse. Det vart til vannkrig og bading, og var heilt herleg! Me hadde også vannkrig med de lokale barna som bada, var artig, men eg holdt på å miste skjørtet, så måtte gå på land litt før dei andre.. det er nok ikkje ofte kvite badar der, så det samla seg ein heil hau med folk rundt vannkanten. Dette tenkte me me måtte utnytta, så me hadde eit lite gatemøte, sang nokre sangar på pokot og svahili, og holdt nokre vitnespyrd, delte ut juletraktatar og prata litt med folket..var gøy! Men me måtte gå litt tidleg, for hadde lagt planar for kvelden.

Dei som har fått fellesmail frå meg, huskar kanskje at eg snakkte om 2 evangelistfamiliar som kunne vere i fare oppe i Mont Elgon (er borgarkrig der). Dei har nå komt trykt ned frå fjellet, men husa og tinga deiras er brent opp. Me har truffe dei nokre gangar, og dei er utrulig bra msk! Me fann derfor ut at me ville invitere dei heim til oss denne kvelden. Me kjøpte inn frukt og snop, lagde norske vafflar o.l. vart ein heilt ypperlig kveld. Var kjempekjekt å ha besøk av dei, og virka som dei trivdes og, dei likte t.o.m. vafflar: ) . Dei har 5 barn kvar, så var 14 stk pluss oss. Trur ingen av barna har vore i eit vanleg hus før, og i alle fall ikkje på eit vanleg toalett, så dei gjekk i tur og orden ut på terassetrappa når dei skulle på do.

Heile denne dagen vart heilt annleis enn forventa, men likevel merka me veldig sterkt Guds ledelse heile tida! Både badinga/gatemøtet og besøket er me sikker på at han hadde i sin plan. Det er vanleg med takketale etter eit besøk, så me hadde ein, og den eine evangelisten hadde ein, han sa at dette besøket måtte ha vore etter Guds vilje, og at det var til rik velsignelse for dei.

No comments: