Tuesday, December 11, 2007

Pokot

No har eg vore litt over 5 veker i Pokot. Det er ca ein dags kjøretur nord for Nairobi. Me budde på tomta til ELCK. Det er ei flott tomt, som ligg ca 2000 moh. Her hadde me ikkje så god tilgang på internett, så eg har derfor ikkje oppdatert bloggen før, men no kjem eg til å skrive litt om litt forskjellig som me opplevde og gjorde i Pokot.

Gudstenestene:
Her fekk me for første gang oppleve møter slik eg trudde dei var i Afrika, med mykje liv og song. var likevel veldig stor forskjell frå plass til plass.. nokon varte 4 timar og nokon varte 2. Dessverre hadde nokon også fått tak i høgtalarar og keboard, så der spelte dei opp igjen og opp igjen dei få taktane dei kunne.. der dei brukte meir tradisjonell musikk, og gjerne ei tromme, var det mykje kjekkare å vere.

Flygande termittar:
Ein av dei første dagane regna det, og då kom det om kvelden ein heil hau med flygande termittar. Desse invaderte alle plassar der det var lys, og dei kom seg inn. Etter ei stund mista dei vingane, så eg og Elise gjekk rundt å samla dei i glas, for me hadde høyrt at det gjekk an å steike dei, og ete dei. Me fekk ledarn vår, Ole Johan, til å steike og krydre dei, og så åt me etterpå. heile gruppa smakte. Det var faktisk veldig godt, litt ekkelt sidan det såg ut som kjempemaur, men,men. Ganske artig oppleving, men litt stress å rydde opp alle vingane som låg over alt.


Intervju:
Alle i gruppa fekk kvar si oppgåve når me kom til Pokot. Mi oppgåve var å intervjue ein afrikanar som heiter Alfred. Han er ein av Kenyas beste malarar. Dette var veldig kjekt, for eg blei både kjend med han, og fekk lære mykje nytt om Pokot og afrikansk kultur! Lærerikt.

Gategutar:
I Makutano, næraste ”byen” til der me budde, har ein menighet eit bra opplegg for gategutane. Dette arbeidet besøkte me eit par gangar. Gategutane får mat og vaska klede 2 gangar kvar veke. Det er også eit nytt prosjekt der dei plukkar ut 10-12 stk, som får lov til å bu i eit eige hus, med ei dame som lagar mat, og så får dei gå på skule. Dei fleste av gategutane går på lim (rusmiddel) så det er ei krevjande oppgåve å få dei til å bli vant med eit vanleg liv, men forhåpentligvis blir prosjektet vellukka. Me vart litt kjent med nokon av gutane, og såg mange når me gjekk rundt i Makutano. Det er gutar heilt ned i 7 årsaldren som går fast på lim, så det er veldig trist. Eg er glad desse i alle fall får litt hjelp i frå menighetane rundt .

Filmvising og gatemøte:
To gangar i Pokot hadde me gatemøte, og fleire gangar viste me kristne filmar. Gatemøtene var veldig bra. Hadde lokale evangelistar + lærarn vår Jostein Holmedal som talte, og så hadde me sang og vitnespyrd. På det første gatemøtet var det ca 20 stk som ville bli frelst. Det var jo utruleg kjekt. Me har også vist film mange gangar. For det meste Jesus-filmen, men også andre kristne filmar. Filmvising er ein veldig bra evangeliseringsmetode her. Ofte går det mange år mellom kvar gang dei ser ein film, så folk kan gå i mange timar for å få det med seg.





Tegla Lorope Peace Race 2007:
Det er eit fredsløp, som blir sprunge kvart år(trur eg), så i år var me med. Msk frå heile Kenya, og litt Uganda, er med. Både svært gode springarar, og andre. Me sprang 10 km. Sidan me er kvite, måtte me springe saman med eliten, for dei var redd for at me kunne vinne viss me sprang med dei andre. Eg har problem med å springe 10 km i Noreg, så her 2000 moh, og steikande sol, har eg i alle fall ingen sjangs. Eg, Elisabet og Lene danna baktroppen heilt frå starten. Var ein svært artig opplevelse! Folk lo og heia heile vegen. Eg kom i mål, på 38 plass, men eg vart villeda av ein militær/politi-fyr, så juksa med 2-3 km. Pytt sann, eg kom no i mål før opplegget var ferdig (noko Elisabet og Lene, som gjekk heile runden, ikkje gjorde)




Den helga dette løpet var, hadde me nesten 200 ungdomar frå heile landet buande på tomta. Det var folk frå mange forskjellige religionar og stammar. Sidan dette løpet er ein stor ting, var det feststemning heile tida.. hoppa og dansa og sang til langt på natt. Folk gjekk også med festklede. Var bl.a. ein som hadde ekte leopardskinn. Eine natta slakta dei t.o.m. 2 kyr med spyd. Eg såg det ikkje, men fleire andre i gruppa var vitne til oppdeling og utdeling av kyra.
ganske so sprøtt egentli!

No comments: